Langavassbu del 1 - Langavatnet, Ullensvang fjellstyre

Flott hytte med naust som ligg ved Langavatnet, vest i Ullensvang statsallmenning. Rom nærast utgangsdøra.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
15 m2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
25 km (sommer)
35 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Ullensvang Fjellstyre

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Sjå heimesida for Ullensvang statsallmenning, her vil du finna fortløpande info om jakt, fiske, fjellstyrehytter, og fjellstyra sitt arbeid.

www.hardangervidda-fjellstyra.no

 

Ullensvang fjellstyre ynskjer å kartlegge alle båtvrak i Ullensvang statsallmenning. Båtvrak av plast og trebåtar med maling, lakk og bunnstoff er ein kilde til mikroplast, som ein ynskjer å fjerne frå naturen.

Fjellstyre ber brukarane av statsallmenningen om å melde i frå om dei kjem over øydelagde båtar, og dokumentere dette med bilete og stad, helst koordinatar. Send info til: ullensvang@fjellstyrene.no eller ta kontakt på tlf: 48270778

Her finn du meir informasjon om båtvrak-prosjektet:

https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/bter-ryddet-p-statsallmenningene

Om hytta

Hytta er utstyrt med madrasser og dyner og puter, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sengetøy eller sovepose.

Hytta har to avdelingar med fire senger som blir leigd ut kvar for seg.   

NB- Hver avdeling er ment for 4 personer. Det er IKKJE tiltat med mer enn 4 personer pr. avdeling

Våren 2023 er det installert solcellepanel på hytta - moglegheit for lading med usb og 12V "billadar".

Det er naust eit stykke mot Langavatnet, med båt som kan brukast av dei som leiger hytta. Sjå bilete av naustet over. Nøkkel til naustet heng på veggen i gangen.

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn fiskegarn som kan lånast av dei som brukar hytta. Hugs garnfiskekort.

Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt. 

Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.

Hytte-/Avbestillingsregler

Alle bestillingar blir belasta på bestillingsdato. Leigetakar har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar, og vil då få refundert 80% av leigesummen.

Ved avbestiling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50% av summen refundert.

Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet bir det ikkje gitt refusjon.

Avbestiling skal sendast direkte til Ullensvang fjellstyre på e-post ullensvang@fjellstyrene.no.

 

  • Alle brukarar skal vaska og rydda etter seg. Forlat hytta i den stand du sjølv ynskjer å finna ho.
  • Ikkje legg att mat i hytta.
  • Hytta er røykfri.
  • Sjå til at propan er kopla frå og at dører, vindauge og ventilar er skikkeleg stengd att før du reiser frå hytta.
  • Brennbart søppel kan brennast, matrestar kastast i god avstand frå hyttene. Resten tek du med deg heim.

Nøkkelhenting

Nøkkel ligg i kodeboks som er montert på hytteveggen. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa du får ved bestilling av hytta - Ta derfor godt vare på kvitteringa du får frå Inatur.no. Slå inn koden, trykk hendelen til venstre ned. Når du har brukt nøkkelen: legg nøkkelen og kjettingen tilbake i boksen, lukk att boksen og endre tala til 0000. NB! Det er viktig å endre på tala - elles blir boksen ståande open. 

 

Fjellstyret ber om at leigetakar gir tilbakemelding om det er lite ved/ gass på hytta, eller andre feil eller manglar som må rettast opp.

Andre aktuelle tilbud